Formidlende omstendigheter
Vitskapleg antologi om forskingskommunikasjon
Forsking på forskingskommunikasjon også kommunikasjonsarbeidarar kan ha glede av.
Som den korte ingressentyder på, er det ei stund sidan eg har følt meg så ‘meta’: Eg er forskar som har drive ein del med formidling, og skal no melde ei bok - Formidlende omstendigheter - som er resultatet av forsking på forskingskommunikasjon, for fagbladet til kommunikasjonsarbeidarar, der fleire og fleire jobbar med ... forskingskommunikasjon.
På mitt heimeuniversitet, UiB, jobbar det 34 stykk i kommunikasjonsavdelinga – og i tillegg er det mange fleire tilsette ved sentra og institutta som jobbar med forskingskommunikasjon, og stadig innleigde konsulentar som har kurs både for forskarar og forskingskommunikasjonsråd-gjevarar. Denne reine skjære mengda forskingskommunikasjon er, som redaktørane Kristian Bjørkdahl, Iris Leikanger og Silje Maria Tellmann peiker på, noko som gjer dette forskingsarbeidet høgst relevant – det same gjeld det auka presset forskinga har på å vere relevant og samfunnsnyttig – to ting som begge blir direkte tatt opp i ulike bidrag i antologien.
Dette fokuset gjer at antologien blir nyttig for kommunikasjonsarbeidarar også: Denne boka er nemleg noko heilt anna enn ei verktøykasse: Ho er mat for konkret, kritisk refleksjon kring eigen arbeidspraksis og samfunnsrolle – og kan kan hende oppmuntre kommunikasjonsrådgjevaren til å prøve andre tilnærmingar til forskingskommunikasjon. Ein raud tråd her er eit kritisk blikk på den stadig tettare samanvevinga mellom forskingskommunikasjon og omdømmebygging for universiteta. Her vil eg særskilt trekke fram Johan Tønnesson sitt kapittel om fleirstemmigheit, som utfordrar tanken om forskingskommunikasjon som ein slags reklame, men også meir fundamentalt ideen om «røyrmodellen», der ferdig informasjon blir transportert frå sendar til mottakar. Kanskje det er rom for tvil, fagleg usemje og dialog i forskingskommunikasjon?
Endå meir hands on er Silje Maria Tellman sitt kapittel «Kommunikasjonsarbeidernes inntog i akademia», som handlar om nettopp det og er bygd på empirisk undersøking av stillingsannonsar. Her blir det tydeleg at kommunikasjonsarbeidarane først og fremst er leiarstøtte og PR – og forskarar som vil kommunisere ut over rein formidling, blir ofte kasta ut i mediekvardagen på eiga hand (eller kaster seg sjølv ut), noko som kan være utfordrande særskilt dersom ein forskar på kontroversielle tema som innvandring.
Eit siste bidrag eg vil trekke fram er «Hva skaper tillit når forskere snakker om banebrytende teknologi?» av Vie og Gjefsen, som skildrar erfaringar frå ein kommunikasjons-workshop med forskarar. Dette kapittlet illustrerer på fascinerande vis dei praktiske og etiske utfordringane som ligg i forskingskommunikasjon. Alt i alt er dette ein tankevekkande, stort sett særs velskriven antologi, som stimulerer til refleksjon og forhåpentlegvis også kan så nokre frø til ein annleis kultur for forskingskommunikasjon.