Skip header
Share

Intranettredaktør / informasjonsforvaltar

Kultur- og likestillingsdepartementet
Oslo

Søknadsfrist:
02. april

Stillingstype:
Fulltid

Har du teknologikompetanse og gode kommunikasjonsevner?

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein dyktig og engasjert intranettredaktør/informasjonsforvaltar som kan drive og vidareutvikle intranettet og bruken av SharePoint.

Intranettet er eit viktig verktøy for intern kommunikasjon i departementet og gjev tilgang til arbeidsstøtte for dei tilsette gjennom rutinar, prosessbeskrivingar, regelverk og meir. Du får ansvar for at KUD har eit levande og aktivt intranett, der dei tilsette kan finne informasjon dei treng når dei løyser oppgåver, og halde seg oppdaterte om kva som skjer i andre fagavdelingar og om interne seminar og sosiale samlingar.

Du vil òg få ansvar for systemforvaltning og bruk av samhandlingsverktøyet SharePoint, medrekna tilrettelegging av grensesnitt og rettleiing av brukarane. Som informasjonsforvaltar blir du også med på å vidareutvikle og følgje opp system og rutinar for den heilskaplege informasjonsforvaltninga i departementet.
 

Arbeidsoppgåver

  • vidareutvikle og vedlikehalde intranettet
  • ha rolla som KUD sin primære SharePoint-forvaltar
  • bidra til fagleg, strategisk og operativ utvikling av KUD si informasjonsforvaltning
  • tilpasse brukargrensesnitt og utvikle løysingar for navigasjon og gjenbruk av informasjon
  • skape samspel mellom intranett og samarbeidsrom der det er relevant
  • lage nyheiter i samarbeid med andre tilsette
  • vere fagleg leiar for lærling i innhaldsproduksjonsfaget

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • IKT-utdanning eller relevant erfaring som kan erstatte formell utdanning
  • god kommunikasjonserfaring og forståing for behova til avsendar og mottakar
  • god formuleringsevne, både skriftleg og munnleg
  • god og oppdatert teknologiforståing
  • erfaring med bruk av SharePoint og html-basert nettpublisering

Du bør ha:

  • brei kompetanse på Microsoft-applikasjonar
  • god samfunnsforståing og kjennskap til offentleg sektor
  • kjennskap til relevant lovverk på området (arkivlova, offentleglova/personopplysningslova/forvaltningslova)
  • erfaring frå offentleg forvaltning, gjerne med saksbehandlarerfaring

Personlege eigenskapar:

  • utviklingsorientert, initiativrik og kommunikativ 
  • sjølvstendig, strukturert og med evne til å gjennomføre
  • analytisk og med eit godt blikk for heilskapen
  • godt humør og gode samarbeidsevner

Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.

Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerheitslova.
 

Vi tilbyr

  • innplassering som rådgjevar med brutto årsløn frå 575 000 til 710 000 kroner eller som seniorrådgjevar med brutto årsløn frå 660 000 til 850 000 kroner (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast)
  • trivelege lokale midt i Oslo sentrum med godt kantinetilbod
  • fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
  • høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
  • introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
  • eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø

Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.

Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med kontorsjef Bjørn Magnus Jakobsen på telefon 22 24 44 10.


Søk på stillingen


Om arbeidsgiveren

Kultur - og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, og likestilling og diskriminering. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Om avdelinga

Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningsliner for effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Foto: Kultur- og likestillingsdepartementet