– Løft blikket opp frå PC-en
Stine Hommedal, seniorrådgjevar ved avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt hjå Havforskningsinstituttet, meiner vi bør bli flinkare på å avmystifisere det vi driv med, og å jakte dei gode historiene ved å prate med folk i eigen organisasjon.
Ny stafettløper hver fredag. Samme spørsmål.
Randi Laukli, kommunikasjonsleder ved Nasjonalt senter for e-helseforskningt ga stafettpinnen videre til Stine Hommedal, seniorrådgiver ved avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt hos Havforskningsinstituttet.
Kva skal til for å gi deg helgefølelsen?
– Når sambuaren serverer kaffi på senga laurdag morgon, då er det helg!
Korleis ser du for deg at kunstig intelligens vil påverke kommunikasjonsfaget og jobbane våre framover?
– Eg trur kunstig intelligens vil vera eit stadig betre verktøy for å løysa dei meir «kjedelege» og rutineprega oppgåvene vi har, noko som vil gi oss betre tid og rom for å jobba kreativt, overordna og strategisk – med både folk og innhald.
Ikke medlem?
Vi jobber for faget! Som medlem får du mange fordeler og et landsdekkende faglig nettverk.
Treng vi eit lobbyregister i Noreg?
– Ja, det er på overtid.
Kva kan kommunikasjonsfolk gjere for å styrke tilliten til eigen bransje?
– Vi kan bli endå flinkare til å avmystifisere det vi driv med. Om vi kan snakke om kva yrket vårt handlar om, heilt konkret og hakket mindre svulstig enn kva ein ser i ein del samanhengar, så blir det lettare for folk å forstå kva vi faktisk gjer – og kvifor jobben vår er så viktig (som den er!). Eg trur nøkkelen for å lukkast med det, er godt språk – og at vi legg vekt på substansen i det vi driv med; poenget med god og tilgjengeleg informasjon.
Gi eit døme på ein kommunikasjonsjobb du meiner har gjort ein forskjell i folk sin kvardag?
– Eg syns Helsedirektoratet si satsing med "Helsa di" snakkar til folk på ein inkluderande og tilgjengeleg måte. Godt innhald, godt språk og utan peikefinger.
Kva er ditt beste tips for å få ei sak i media?
– Å faktisk ha ei god sak. Ei god sak treff på nyheitskriteria og er interessant for eit større publikum. Har ein høve til å tilby reportasjeelement i tillegg, så kjem ein ofte langt. «Få meg på fordi eg vil på» er derimot eit heller dårleg innsal.
Kven meiner du vi skal intervjue neste fredag?
– Eg føreslår at de tek ein prat med nettredaktør Rune Eian på Norges geologiske undersøkelse (NGU) i Trondheim – og gratulerer med nye, flotte nettsider i same slengen.
Og kva for eit bonusspørsmål ville du gjerne hatt?
– Korleis får ein tak i desse gode nyheitssakene som ein skal prøva å få på i media då?
Og da svarar du?
– Med å løfta blikket opp frå PC-en, reise seg frå stolen og gå ut i eigen organisasjon for å prata med alle dei dyktige, interessante folka som garantert er der. Det er dei som har historiane du skal fortelja.
Stine Hommedal (36)
Stilling: Senior kommunikasjonsrådgjevar i Havforskingsinstituttet (HI)
Tidlegare jobbar verdt å nemne: Journalist i NRK og TV 2
Utdanning: Journalistutdanna frå Høgskulen i Volda, ymse samfunnsfag frå Universitetet i Bergen