Vi pusser opp kommunikasjon.no for å gi deg en enda bedre brukeropplevelse. Det betyr at det kan være noen problemer i starten. Er det noe du savner, eller ikke får til? Send en e-post til malin@kommunikasjon.no.

Skip header
Portrett Anja Bakken.

Fredagsstafetten med Anja Kristin Bakken

I denne fredagsstafetten blir vi bedre kjent med Anja Kristin Bakken, senior kommunikasjonsrådgiver ved Hovedredningssentralen.

Tekst: CARINA TOMASSEN | Foto: CATHRINE LINDANGER
Publisert: 17. Januar 2025

Kva skal til for å gi deg helgekjensla? 

– Når mannen min kjem heim fredag kveld. Han pendlar og set seg på hurtigbåten att søndag kveld. Men også litt tidlegare på ettermiddagen når eg ruslar innom operasjonsrommet på veg til sykkelen, og ønsker dei tre kollegaene på vakt ei god helg. Då ytrar vi kvarandre eit gjensidig ønske om at vi ikkje sjåast i løpet av helga.

Korleis ser du for deg at kunstig intelligens vil påverke kommunikasjonsfaget og jobbane våre framover?

– Effektivisering og automatisering av rutineoppgåver er kome for å bli. For meg som jobbar åleine med kommunikasjon er digitale sparringpartnarar veldig nyttig i mangel av kommunikasjonskollegaer. Eg trur nok at dei som klarer å kombinere teknologisk forståing med sterke kommunikasjonsevner, er dei som er best rusta til å gjere seg nytte av det som skjer på dette feltet. I operasjonsrommet på HRS er vi nysgjerrige på å finne ut av korleis KI kan bidra til å analysere data i sanntid i redningsaksjonar, for å hjelpe dei som er naud raskare og med meir presis bruk av redningsressursar.

– Effektivisering og automatisering av rutineoppgåver er kome for å bli.
Anja Kristin Bakken

Treng vi eit lobbyregister i Noreg?

– Eg heiar på alle tiltak som bidrar til tillit til demokratiet. Den er under press frå fleire kantar. Eit lobbyregister vil vere eit skritt på vegen for openheit og auka tillit, og eg ønsker det velkommen.  

Kva kan kommunikasjonsfolk gjere for å styrke tilliten til eigen bransje?

– Vi må klare å vise og forklare kva vi faktisk gjer, og avmystifisere mytane rundt rolla vår. Openheit, også om det som er vanskeleg, er viktig. Som kommunikasjonsrådgjevar i det offentlege kjempar eg for meir-offentlegheit. Rolla mi er ofte å vere brubyggjar mellom journalisten og fagpersonen, og bidra til å bygge tillit begge vegar.  

Anja Kristin Bakken (49)

Stilling: Senior kommunikasjonsrådgjevar ved Hovedredningssentralen

Tidlegare jobbar verdt å nemne: Norsk Utenrikspolitisk Institutt, Statens vegvesen og Universitetet i Stavanger.

Utdanning: Master i samfunnsøkonomi frå Sydney, og ymse samfunnsfag og emne innan kommunikasjon frå UiO, OsloMet og BI.

Gi eit døme på ein kommunikasjonsjobb du meiner har gjort ein forskjell i folk sin kvardag

– Klarspråkarbeidet over fleire år i store offentlege organisasjonar som Statens vegvesen og Skatteetaten er god bruk av skattekronene. Ein stor del av innbyggjarane i Noreg nyt godt av at kommunikasjonen frå desse etatane er tydeleg og enkel å forstå.

Strategi og måling
6. Februar 2025
Kurs: Strategisk planlegging og måling av kommunikasjon
Thon Hotel Orion, Bradbenken 3/5, Bergen

Kva er ditt beste tips for å få ei sak i media?

– Det vil vere avhengig av tidspunkt og korleis nyheitsbiletet ser ut, men det er grunnleggande at saka er interessant for andre enn deg og din organisasjon. Ver kreativ og finn den gode vinklinga, samstundes som du tar nyheitskriteria på alvor. Gjer jobben enklast mogleg for journalisten; legg til rette for gode illustrasjonar, faktaboksar osv.

Illustrasjon som viser en dame som er inn i en kikkert.
Målgrupper
Få kontroll på målgruppene
Er det sant at folk er lei av sosiale medier? Er målgruppen din for gammel for TikTok, for ung for Facebook? Og hvordan skal du inkludere kunstig intelligens i regnestykket ditt?    
Les mer om Få kontroll på målgruppene

Kven meiner du vi skal intervjue neste fredag?

– Då tar de ein prat med Kjersti Sandvik Bernt. Ho er drivande dyktig som leiar for Nordic Steel sitt kommunikasjonsarbeid, og kan prate om stål slik at du får ståpels. Eg har lært mykje om kommunikasjon av henne gjennom åra. I tillegg er ho eit av dei gildaste menneska eg kjenner!

Og kva for eit bonusspørsmål ville du gjerne hatt?

– Korleis har det vore å komme inn i ein organisasjon der du er den første kommunikasjonsrådgjevaren nokon sinne?

Og då svarar du?

– Knallkjekt! Og krevjande. Mange av kollegaene mine har aldri vore vane med å ha kommunikasjonsfolk rundt seg, så eg har brukt tid på å bygge tillit og kunnskap om kva rolla mi inneber. Det betyr også at eg har måtte etablere dei fleste prosessar og rutinar frå start, og tolmod har vore, og er framleis, viktig. Samstundes betyr det også stor fridom, og høve til å forme stillinga. No er det fint å kjenne på tilliten og sjå små og større resultat. Etter kvart som ting fell på plass, rutinar går seg litt meir til og nettverket rundt meg i redningstenesta veks, er det kjekt å yte min skjerv til eit samfunnsoppdrag som handlar om å redde liv. Redningstenesta står oppi store endringar for tida, så tidspunktet kunne ikkje vore betre for å vere der eg er!

Ikke medlem?

Vi jobber for faget! Som medlem får du mange fordeler og et landsdekkende faglig nettverk.

Medlemsfordeler