Fredagsstafetten med Kjersti Sandvik Bernt
I denne fredagsstafetten blir vi bedre kjent med Kjersti Sandvik Bernt, Head of Communications and Sustainability i Nordic Steel AS.
Ny stafettløper hver fredag. Anja Kristin Bakken, senior kommunikasjonsrådgiver ved Hovedredningssentralen, ga pinnen videre til Kjersti Sandvik Bernt, Head of Communications and Sustainability i Nordic Steel AS.
Hva skal til for å gi deg helgefølelsen?
– Eg er sikkert litt gammaldags, men på fredagar og lørdagar bytter eg ut e-avisa og får Stavanger Aftenblad i papirformat. Etter ein god fredagsmiddag set eg meg ned med papiravisa på fanget og ein kaffekopp i handa. Då er det helg.
Hvordan ser du for deg at kunstig intelligens vil påvirke kommunikasjonsfaget og jobbene våre fremover?
– Det påverkar oss allereie, og det syns eg er positivt. Eg har stor nytte av kunstig intelligens i jobben min, og bruker det blant anna til enkelte rutineoppgåver, til oversetting og til å oppsummere store og tunge dokument. Eg får tips og råd til utforming og oppsett av ulike tekstar, og det fungerer nesten som ein sparringspartner i fleire samanhengar. Men eg bruker det kun som ein slags assistent og hjelpar. Jobben min gjer eg med både hovudet og hjartet, den kan ikkje erstattast av kunstig intelligens.
Trenger vi et lobbyregister i Norge?
– Ja. Det er eg heilt klart positiv til. Dei politikarane, og politiske partia, som er opne om kven dei snakkar med og får råd frå, har mykje større truverd enn dei som ikkje vil fortelje om det. Fleire burde kanskje sett at openheit kan vere ein fordel, heller enn ulempe.
Hva kan kommunikasjonsfolk gjøre for å styrke tilliten til egen bransje?
– Vere open om arbeidet vårt, men ikkje minst kan vi bli flinkare til å synleggjere og vise resultat av arbeidet vårt. Eg veit imidlertid godt at det ikkje alltid er like lett, fordi i mange tilfelle har vi gjort ein god jobb når ingen merker noko. Som kommunikasjonsansvarleg i eit industrikonsern på Bryne, opplever eg stor tillit både internt, hos kunder, samarbeidspartnarar og i lokalmiljøet. Vi kjem langt så lenge vi er opne om korleis vi jobber og viser resultat av kva vi får til.
Ikke medlem?
Vi jobber for faget! Som medlem får du mange fordeler og et landsdekkende faglig nettverk.
Gi eksempel på en kommunikasjonsjobb du mener har gjort en forskjell i folks hverdag?
– Eg har lyst til å trekke fram ein kampanje som er laga for ganske lenge sidan. Statens vegvesen sin kampanje for å få fleire til å bruke bilbelte er over 20 år gammal, men skilta som blei laga den gong står fortsatt langs veger i heile landet. Det er ein kampanje som aldri har blitt utdatert.
Hva er ditt beste tips for å få en sak på i mediene?
– Først og fremst må saka oppfylle eitt eller fleire nyheitskriterier. Det må vere noko som er vesentleg eller aktuelt for målgruppene. Kontaktar du eit medium eksklusivt, har du også mykje større sjanse for å få på ei sak.
Hvem synes du vi skal intervjue neste fredag?
Min tidlegare kollega, Bjørn Egil Gilje, som er kommunikasjonsrådgiver i Bjerkreim kommune. Han har lært meg mykje om tydeleg språk og det å skrive godt. Bjørn Egil er dessutan alltid tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi, og er godt i gang med å bruke kunstig intelligens.
Og hvilket bonusspørsmål ville du gjerne hatt?
– Korleis er det å jobbe så tett med marknadsføring og salg?
Og da svarer du?
– Utruleg kjekt! Det å sjå resultat av korleis kommunikasjonen vår når fram til målgruppene, i ulike kanalar, og kva bodskap som fungerer, er både nyttig og interessant. Eg blir utfordra, og utfordrer tilbake – og saman fungerer det optimalt, for oss. Eg har aldri før vore ein plass der vi jobber så strategisk, planlagt og presist med kommunikasjon og marknadsføring som i Nordic Steel.
Kjersti Sandvik Bernt (49)
Stilling: Head of Communications and Sustainability, Nordic Steel AS
Tidligere jobber verdt å nevne: Utanrikskoordinator i TV 2 Nyhetene. Kommunikasjonsrådgiver i Statens vegvesen, fordelt på kommunikasjonsstaben i region vest og sekretariatet i Bymiljøpakken
Utdanning: Cand.polit med hovudfag i medievitenskap frå Universitetet i Bergen. Sosiologi mellomfag og historie grunnfag, også frå UiB, og 1-årig samfunnsfag frå dåverande Høgskolen i Stavanger